Denne hausten har ReKS, i samarbeid med USHT Innlandet/USHT Oppland, gjennomført ei kursrekke om diabetes med utgangspunkt i «Fagprosedyre for diabetes i kommunale helse- og omsorgstenester». Kursrekka bestod av to digitale kurs og ein fysisk fagdag på Honne, med til saman over 135 deltakarar frå kommunale helse- og omsorgstenester i regionen.
Dei digitale kursa vart leia av Else R. Frenningsmoen, fagutviklingssjukepleiar i Stange kommune med vidareutdanning innan både diabetes og sårbehandling. Gjennom grundig og engasjerande undervisning fekk deltakarane auka kunnskap om fagprosedyren og korleis denne kan nyttast i praksis.
På den fysiske fagdagen på Honne fekk deltakarane oppdatert kunnskap om behandling, oppfølging, førebygging av komplikasjonar og ernæring. Takk til Tilla Johanne Lyshaugen Landbakk, diabetessjukepleiar ved Sykehuset Innlandet HF, for ei inspirerande og praksisnær formidling.
Eit gjennomgåande tema i alle tre kursa har vore kor viktig det er å arbeide førebyggjande, sjå heile mennesket og utarbeide individuelle behandlingsplanar for kvar enkelt person med diabetes.
Takk til alle som deltok og bidrog til gode faglege diskusjonar. Lykke til vidare med implementering av fagprosedyren i kommunane!