REKS i ny drakt, ny nettside og ny logo
REKS får eit nytt og oppdatert uttrykk! Me er i gang med å fornye nettsida vår og har fått på plass ein ny logo. Målet er å gjere REKS meir synleg og nettsida meir oversiktleg og brukarvenleg for alle som ønskjer å vite meir om det regionale kompetansesamarbeidet vårt.
Ei nettside i ny versjon
Nettsida er ein viktig kanal for å formidle informasjon om REKS, aktivitetane våre og tilbodet vårt. Med ei oppdatert nettside ønskjer me å gjere det enklare å finne relevant informasjon, få oversikt over aktuelle tilbod og halde seg oppdatert på det som skjer.
Me ønskjer at nettsida skal vere ein nyttig møteplass for informasjon, inspirasjon og kompetansedeling og eit godt verktøy for alle som samarbeider med oss.
Ny logo; same engasjement
Saman med oppdateringa av nettsida har REKS fått ein ny logo. Den nye profilen gir oss eit friskt og moderne uttrykk, samstundes som han skal bidra til å gjere REKS meir synleg og lett å kjenne att.
Sjølv om utsjånaden er ny, er oppdraget vårt det same: å leggje til rette for samarbeid, kompetanseutvikling og deling av kunnskap på tvers.
Me utviklar oss vidare
Oppdateringa er ein del av arbeidet med å vidareutvikle REKS og gjere informasjonen vår meir tilgjengeleg. Me håpar du vil oppleve den nye nettsida som oversiktleg, nyttig og enkel å bruke.
Velkomen til REKS i ny drakt.